Smilla's Sense of Snow

Smilla's Sense of Snow

Norwegian उपशीर्षक डाउनलोड करें

रिलीज़ जानकारी

Il senso di Smilla per la neve (1997) WEB-DL 1080p – ITA nn
टिप्पणी द्वारा keejee
nynorsk, 25.000 fps, .ass og .srt

टैग

Web-DL
web-dl
web
WEB-DL
1080
प्रकाशित: 2023-04-19
डाउनलोड: 49
श्रवण बाधित: No

Norwegian उपशीर्षक पूर्वावलोकन

पहली 200 पंक्तियाँ।

FRØKEN SMILLA SI KJENSLE FOR SNØ

ANNO 1859 GELA ALTA, GRØNLAND

NOTID KØBENHAVN, DANMARK

Smilla, barnet mitt...!

Esajas!

Han leika på taket. Han fall.

Det er ingenting å sjå her. Kom igjen.

Eg treng berre nokre frå den her vinkelen.

Eg... fann han.

Kva fekk han til å springa?

- Kven er dykk? - Eg er ho som budde over han.

- Han er herren frå fyrste etasjen. - De får ikkje vera her oppe.

Eg treng fotspora til den daude.

Kvifor leika han her utan tilsyn?

Merkeleg måte å leika, eller?

Sporet fører rett til kanten. Ikkje noko barn i verda skulle leika slik.

Kan dykk berre gå ned no?

Kvifor so mange ulukker, Smilla?

Fyrst mannen min og no barnet mitt.

- Kvifor, Smilla? - Eg veit ikkje.

Korleis skal eg kunna dra til likhuset i morgon?

Om dei trur det er ei ulukke, kvifor obduserer dei?

Dei bad meg koma og skriva under nokre papir og henta greiene hans.

Eg dreg, Juliane. La meg dra. La meg få hjelpa deg.

Eg vona han skulle få eit langt liv.

Det vonar alle foreldre på for barna sine.

Eg har barn sjølv. Eg veit korleis du har det.

Eg er so lei for det.

Eg er ikkje mor hans. Me var venar.

Ha deg vekk, du litle drit.

- Peerit. - Les du opp ei historie for meg?

Ikkje faen.

Du er ein sta liten djevel, eller?

Eg kan ikkje vera ven med deg. Berre gå din veg.

Det er inga framtid i dette.

"Eit punkt er det som ikkje kan delast. Ei line er ei lengd utan breidd."

Dette kan umogeleg interessera deg.

"Ein halvsirkel er ein figur som vert inneslutta av ein diameter" -

"og den av diameteren gjennomskorne periferien."

Du luktar vondt.

Eg seier det ikkje for å såra deg, men du stinkar verkeleg.

Kva interesserer du deg for?

Veit du noko om Grønland?

Du burde veta noko om heimlandet ditt.

- Kvifor? - Fordi det seier noko om kven du er.

Det er viktig å veta kven ein er.

- Veit du kven du er? - Nei.

- Lesa mor di historier for deg? - Ho fortalde historier.

- Om kva? - Om Grønland. Om då ho drog på jakt.

- Frøken Smilla, kan me ikkje dra heim? - Er du trøytt?

- Nei, heim til Grønland. - Skal eg lyga for deg?

Seie at me skal til Grønland og kjem då ingen veg? Gje deg håp?

Om inuittar var i ein feide og ville forsona seg -

- so rørte dei kvarandres bryst og sa ilaqa.

Ilaqa.

- Ilaqa. - Det tyder "ven".

Ilaqa.

Når eit barn døyr, er det alltid ein tragedie. Ei frykteleg ulukke.

Det var ikkje nokon ulukke.

- Ikkje det? - Kven gjorde obduksjonen?

- Det var rutinemessig. - Det var ikkje det eg spurde om.

- Dr. Loyen. - Johannes Loyen?

Er han ikkje leiar av Institutt for Arktisk Medisin?

- Kvifor obduserer han ein seksåring? - Det var rutinemessig.

Du sa det allereie.

Eg er verkeleg lei for det.

Trur du han fraus om føtene? Han hadde alltid desse joggeskoa på.

Då eg såg han liggja der i snøen, såg eg, kor slitne solane hans var.

Han må ha frose om føtene.

Vil du ha ein drink?

Eg er kanskje frå Grønland, men eg drikk ikkje.

- Er du svolten? - Eg vil ikkje dela noko med deg.

Kanskje du kan sove.

- G-g-god natt. - Stammar du alltid?

- Nei. - Gjer eg deg nervøs?

Trur du ikkje eg har sett korleis du stirar på meg?

Trudde du me skulle supa oss dritings og knulla heile natta sorga vår vekk?

- Trudde du det? - Det er greit, Smilla.

- Eg elska han ogso. - Ja...

Sjølvsagd gjorde du det.

Dr. Loyen.

- Du er av grønlandsk avstamming. - Mor mi var grønlending.

- Var det du som undersøkte Esajas? - Ja.

Det eg vil veta er kva han døydde av.

Han fall fem etasjar. Heile organismen braut berre saman.

- Fanst det nokre teikn på vald? - Slett ikkje. Kvifor trur du det?

- Kan eg få sjå obduksjonsrapporten? - Du skulle ikkje skjønna han.

So vel me som politiet er interesserte i ei grundig etterforsking.

Ved minste tvil i slike saker leitar me etter alt, og me finn alt.

Når eit barn forsvarar seg, finst det hudceller under neglene.

Det fanst ikkje noko slikt.

Me såg politirapporten. Fotspora viser at guten var åleine på taket.

Det er ingenting som tyder på at dette ikkje var ei ulukke.

Det er sjølvsagt tragisk. Men etterforskinga er avslutta.

Gjerne stikk innom, kjære frue, om det er noko anna som uroar deg.

Eg skal inngje melding til aktoren.

- Kva bryr deg dette? - Ein seksårig gut vart drepe.

- Dette bryr meg. - Ingen tekniske bevis tyder på vald.

Eg drit i dei tekniske bevisa dine. Eg kjende han. Det er mitt bevis.

Me har alle i hop våre fobiar. Veit du kva for ein Jesaja sin var?

- Det var høgder. - Ikkje dess mindre var han der oppe.

Og det eg lurar på -

og held meg vaken om nettene er kva som fekk han opp dit.

Får eg sova hjå deg?

TIL RIKSADVOKATEN. EG HEITER SMILLA JASP...

...OG EG YNSKJER Å INNGJE MELDING.

Hei.

Me kjem til å missa filmen. Du er sein. Eg har ringt to gongar.

Det er ikkje barnevakta, kjære. Kom inn.

Me har tusen saker kvart år. Eg kan ikkje hugsa kvar einaste av dei.

Lett samvitet ditt, Lagermann. So har du det betre.

Me hadde fullt opp den natta. Fyllekøyrarar, jolemiddagar.

- Du er då ikkje følsam? - Nei.

Eg har eit lite triks. Slik som alle yrke har små triks.

Eg held ei ljospære inn i buksa hans.

I eit av buksebeina er det eit hòl.

Eg undersøkjer guten om att, det er rein rutine, og finn eit hòl i låret hans.

Det blødde ikkje, vevet hadde ikkje trekt seg saman. Veit du kva det tyder?

At det som hende der, hende etter hjartet hans slutta å slå.

Eg ser nærare på buksa hans og ser ei lita fordjuping rundt hòlet.

Det får ei klokka til å ljoda.

So eg finn fram ei biopsinål. Ein slags sprøyte med stor nål.

Ein stikk ho inn i vevet for å ta ei prøve.

Hòlet i buksa viste at nokon hadde stukke inn nåla snøgt og hardt.

Nokon tok ein muskelbiopsi av han etter at han døydde.

- Ambulansefolka? - Eg snakka med dei.

Og med portørane. Alle svor at dei ikkje hadde gjort det.

Kvifor fortalde Loyen meg ikkje dette?

Eg skulle nettopp byrja med obduksjonen då Loyen kom.

Han var overraska over at eg hadde byrja på guten.

Han trekte meg bort og tok over. Kva trur du var etter han oppe på taket?

Det veit eg ikkje. Men eg kjem ikkje i jolestemning før eg har funne ut det.

Ver snill å ikkje oppsøkja meg att.

Ein ting til. Natta han døydde, var ikkje fyrste gong eg såg han.

Han kom ein gong om månaden. Loyen undersøkte han. Åleine.

- Og det finst vel ingen journalar? - Eg har allereie leita. Ingenting.

Kven var mannen på gravferda? Kva prøvde han å gje deg?

Eg vil ikkje ha hans skitne pengar lenger.

- Kvifor gjev han deg pengar? - Dei prøver alltid å kjøpa meg.

Fyrst mannen min, no barnet mitt.

Kven er "dei"?

"Leiinga i Greenland Mining har bestemt seg" -

"å tilkjenne deg ein enkjepensjon etter tapet av mannen din" -

"Norsaq Christiansen."

Det er underteikna av Elsa Lübing. Kven er ho?

Kven er Elsa Lübing? Kan eg ta dette?

Eg filma dette då du kom heim frå jakta med mor di.

De gjekk seg vill i skodda og alle hadde sleppt vona.

Mor di sa at du plutseleg peika skråsikkert i retning heimover. Du fann heim.

Ingen kunne forklåre det.

Sidan då spente dei deg alltid fast fremst på sleden når dei drog på jakt.

- Du veit korleis ein finn heim. - Ja, far.

- Korleis i helvete kan det forklårast? - Anar ikkje, eg visste det berre.

Du var ei riktig lita speidarjente.

Ein liten Nanook, dottera til kulda.

- Hald opp då, Benja. - Du burde prøva Brentan.

- Brentan. Mot sopp mellom tærne. - Det er ikkje nokon sopp.

- Folk får det fyrst i din alder. - Tenåringar òg. Om dei trenar mykje.

Og det spreier seg lett til skreva.

Kva veit du om Johannes Loyen?

Veldig dyktig mann. Han skapa Institutt for Arktisk Medisin.

Kvifor leikar han rettsmedisinar?

- Han byrja som patolog. - Han obduserte ein seksårig gut.

Det må ha nytta karrieren hans.

Sidan studietida vår har Loyen alltid vilja verta vyrdt som den beste i verda.

Ikkje berre i Danmark, i universet. Æregjerrigheita hans var ingen glød, -

- men ein storbrann. Dette er doktoravhandlinga hans.

"Mesozoiske parasittar." Kva er det?

Forhistoriske makkar.

- Skriv eit resept til meg. - Er du sjuk, Smilla?

Med dette kan du redda livet mitt og likevel halda lækjareiden.

Det skal vera femsifra.

Eg sveik eit menneske.

Eit barn. Det krev pengar å gjera noko med det.

Eg er redd for at denne sjekken skal ikkje rekka på langt nær.

Han gjev deg berre pengar for di du gjev han dårleg samvit.

Og han gjev deg berre pengar for di du er eit artig lite knull.

Men ein dag skal brysta dine byrja å hengja -

og den lita ræva di å verta slapp. Kva hender då, Benja?

Då er du daud, Smilla, og eg bryr meg ikkje.

Kjem du til jolemiddagen?

Eg feirar ikkje jol. Det seier meg ingenting.

Dei jakta selar ved igloane sine.

Bak ein vindskjerm på isen.

Dei venta på dei ved kanten av eit isflak og harpunerte dei frå kajakkane.

Dei jakta dei i det blålege vinternattemørkeret.

For inuittane tydde selen overleving. Esajas, kva har eg nettopp sagt?

Esajas? Sei meg. Kva har eg nettopp sagt!

Sei det! Kva har eg nettopp sagt?

Herregud.

Juliane, Esajas har vorte dauv.

Dauv etter tre øyreinfeksjonar og vanskjøttinga di av han!

- Lækjarane sa han hadde det godt. - Kva for nokre lækjarar? Kven sa det?

- Han har det ikkje godt. - Det var ikkje noko å uroa seg for.

- Ilaqa. - Eg er ikkje sint på deg.

- Ilaqa. - Hald opp, eg er ikkje sint på deg.

- Ilaqa. Ilaqa. - Ja, du er venen min.

Ilaqa, Esajas.

Berre roleg. Ikkje ver redd.

Eg kjem frå påtalemyndigheita.

More Norwegian subtitles for Smilla's Sense of Snow

टिप्पणियाँ

No comments yet. Be the first to leave one.

Keep it about this subtitle — sync, quality, typos.500 characters left