La unuaj 186 linioj.
Eg skal føre deg til sanninga.
-Var De i krigen? -Eg følgde bror min og kom åleine heim.
Mor kom aldri over det. Det var feil son som vende tilbake.
Anno er erklært død. No er vi her. Dersom du vil ha oss.
-Lotte? Kvar har du vore? -Overalt.
Eg vil til drapsavdelinga.
-Eg står ikkje til disposisjon for overb -Dette ordnar vi oss imellom.
-Kva er det med Dykk? -Stikk! Eg vil aldri sjå Dykk meir!
-Herr Benda er ingen mordar. -Han er sjef for det politiske politiet!
-Folka til Benda stod bak. -Berre sei kva eg skal gjere.
Fritz, kva gjer du her?!
Kva er dette, far?
-Kjenner du meg att? -Anno?
Stopp! Kva gjer De? De kan ikkje gå ut! Ikkje gå ut!
Bli her!
Norske tekstar: Signe Bergvoll
Fem veker tidlegare, 20. september 1929
-God morgon. -Når kom du heim?
Seint. Eg ville ikkje forstyrre deg.
Ro deg ned!
Straffeanstalt for kvinner, Berlin-Friedrichshain
-De er svært uthaldande. -Det er ei hjartesak for meg, direktør.
-Greta Overbeck og eg er nære vener. -Det skulle ein ikkje tru.
-Kva meiner De? -Ho vil ikkje ha kontakt med nokon, -
- spesielt ikkje med kriminalbetjent Charlotte Ritter.
-Kriminalassistent. -Her står det kriminalbetjent.
Då kan eg ikkje hjelpe Dykk. De er jo ikkje i slekt eingong.
Skriv under her.
Éin ting til, Weintraub. Dette er Ullrich frå krimteknisk.
-Kva vil denne skøyaren? -Daktyloskopi. Ta fingeravtrykka.
-Under lauslatinga? -Til politiregisteret. Profylaktisk.
Førebyggjande.
-Får eg be? -Ja, vis meg korleis det skal gjerast.
Tommelen.
Dette må òg med.
-Sjå der, ja! "Stikk han inn"-Fuchs! -Velkomen.
Du store ... Klede skapar folk.
Señor Walter. Sigarett?
Ver så god.
-Vera? -Herr Weintraub.
Teken på fersken.
Berre dra i førevegen. Eg tek ein liten avstikkar med frøkna.
-Alle ventar. -Då stig berre spenninga.
Kom hit.
Ikkje ver redd. Eg skal ikkje gjere deg noko. Kom.
Filmstudioet Neubabelsberg, Potsdam-Nowawes
Vi gjer eit nytt opptak frå "Vi har for lengst mista kvarandre".
-Stille! -Lydopptak i gang!
-Kamera går! -89-15, andre opptak!
Ver så god!
Eg ser ikkje kvar hen du går
når alt er stilt, og einsemda
tyngjer meg ned, og når det blæs
ein vind av sorg og sut.
Du vil ikkje fortelje kvar
di plaga sjel har tenkt å dra.
Det gjer meg vondt, men då må eg
spørje meg om det same som du.
Dette har heimsøkt meg så lenge.
I lang tid har det tyngt meg så.
Den lengten som eg ein gong kjende,
har vreiden min gjort ende på.
Vi har for lengst mista kvarandre.
Hjarta bankar ikkje lenger i takt.
All magi er no berre eit minne,
og sjela kjenner berre sorg.
Før smelta hjartet. No er det steinhardt.
Alt håp vil svinne om kort tid.
No finst det ingen stad der vi er trygge.
Eg vandrar einsam heilt utan mål.
Vi to fekk oppleve stor lukke,
men no er kjærleikselden sløkt.
No er eg ferdig med å vente.
Hjartet er kaldt, innrømmer eg.
Vi har for lengst mista kvarandre.
Hjarta bankar ikkje lenger i takt.
All magi er no berre eit minne,
og sjela kjenner berre sorg.
Betty? Betty!
-Kva skal dette bety? -Unnskyld, skatten min.
Først må ein gjere det som krevst.
Etterpå kan ein gjere det ein vil.
-Ja? -Bellmann her. Det har skjedd ei ulukke
Kva slags ulukke? Spytt ut, Bellmann!
-Betty Winter er død. -Eg kjem.
Unnskyld.
God dag.
-Skal De lese alle før prøven? -Nei, dei skal tilbake til biblioteket.
Får eg lov?
-Kva står for tur? -Kriminalteknikk med Ullrich og Gennat.
Praktisk åstadanalyse og sporsikring. Ikkje mi sterkaste side, trur eg.
Det klarer De fint.
-Trur De det? -Ja, sjølvsagt.
-Var De i fengselet i dag? -Ja.
Greta ynskjer ikkje å snakke med meg.
-Dommen har enno ikkje falle. -Eg må gå.
-Tvi tvi! -Forsiktig, frøken!
God dag, sjef. Berre bli ståande. Vi skal lenger ned.
-Kvar skal vi? -Til filmstudioet. Buddha bad oss dra st
Betty Winter! Det største talentet vi ha både på scena og filmlerretet!
-Hadde. Ho er jo ...? -Ja, det er ein frykteleg tragedie!
-Eg møtte henne nyleg. -Personleg?
Ja, for under to veker sidan. Dei skreiv autografar i Babelsberg.
På bursdagen til Betty.
-Eit foto frå den siste filmen. -"Lidenskapens demonar". Høyrest kjent u
Det var eit teaterstykke, men no skal det bli film. Med lyd!
-Skal dei prate? På kino? -Ikkje berre prate. Syngje òg!
Makelaus kvinne! Eg skjønar godt at dei vil ha henne til USA.
-Kven er dette? -Ektemannen Tristan Rot. Han er òg med.
-Ektemann? Eg trudde han var skeiv? -Ja, han er det, men han elska henne.
Høgt, til og med.
-Kva skjer her? -Pressa var på nytt raskare enn oss.
-Noko nytt i Betty Winter-saka? -Kriminalpolitiet!
-Unna veg! Ingen bilete! -Etter lova har borgarar rett til å ytre
-Men ikkje her og no. -Vi har ingen sensur!
Reinhold! Kan du gjere noko?
Ikkje rør noko!
-Drapsavdelinga. God dag. -Drap? Det var jo ei ulukke!
-Og De er? -Jo Bellmann, produsenten.
Det var openbert ei ulukke. Vi såg det jo, alle saman.
Det skal vi finne ut av. De blir her med Alle andre ventar utanfor kulissene.
Kva var det som skjedde?
Sak nr. 16: Livlaus mann funnen av gartnaren tidleg om morgonen i garasjen.
Han er identifisert av kona, som straks varsla politiet.
Alle ytre omstende tyder på at det var sjølvmord.
-Frøken? -Charlotte Ritter.
Ver så god, frøken Ritter. Damene har førerang.
Gjer greie for dei fem etterforskingsste etter Gennat-metoden.
Steg 1: Eg skaffar meg eit overblikk over åstaden.
-Her? -Ja.
Ikkje rør, er De snill.
Steg 2: Medarbeidarane leitar etter bevis og spor.
-Kva kan ha skjedd? -Lampa velta, og skruane blei rivne ut.
Kvar er kabelen til lyskastaren? Ikkje ta på han.
-Han er temmeleg tung. -Sjef, skal vi setje i gang?
Søk etter spor i kulissene. Bruk Gennat-metoden. Hanskar!
Svært bra. Hanskar!
Kvar minste ting blir merkt.
Lyskastaren var festa med desse skruane.
Steg 3: Åstaden blir fotografert.
Steg 4: Vitna blir forhøyrde.
-Mannen min var her heile natta. -De må la meg stille spørsmålet først.
-Kva heiter De? -Tilly Brooks.
-Kvar kjem De frå? -Boston.
-Kan De vere meir nøyaktig? -Eg såg ingenting.
-Kva med ektemannen? Tristan Rot? -Tristan?
-Eg såg ingenting. Eg hang jo i tauet. -Rot var ikkje her.
Han hadde fri, trur eg.
-Kva heiter lysmeisteren? -Peter Glaser.
Han rigga utstyret, men så tok eit anna skift over.
Har De ei personalmappe på han?
-Kvar ventar De å finne fingeravtrykk? -Der oppe. På balustraden.
På dørhandtaket. På rattet.
Og?
-Og på slangen på eksosrøyret. -Bra.
-Førstebetjent? Hendinga blei filma. -Det opptaket må vi sjå!
-Eg er allereie på saka. -Her. Personalmappa til Peter Glaser.
-Greitt. Det var det heile. -Herr Bellmann.
Steg 5: Ein fraktar liket bort og analyserer funna som laben gjer.
Svært bra, frøken Ritter.
Førstebetjent!
De må skrive under på at dette var ei ulukke.
Det gjer eg når etterforskinga er over. Dersom det verkeleg var ei ulukke.
Det viste seg at fingeravtrykka til den avlidne -
- ikkje stemde overeins med avtrykka på slangen på eksosrøyret.
Vi jamførte dei med avtrykka til kona, som De ser til høgre, -
- og fekk stadfesta at mannen ikkje tok livet sitt, men blei drepen av kon
-Mange takk. -Og motivet?
-Hemn. -Jaså?
Ektemannen hadde forgifta hunden hennar.
-Frøken Doris, De kan notere ... -Ein augeblink.
Slå av lyset, er De snill. Frøken Ritter, kan De forklare oss -
kva som skil avtrykka frå kvarandre?
Ja ...
-Rillene er annleis. -Rillene?
-Papirallinjene. -Papillarlinjene, meiner De?
Ja. Unnskyld. Papillarlinjene våre er unike.
Ja, det veit sjølv eit barn. Men kva er det som skil bileta frå kvarandre?
Grunnforma. Det finst tre grunnformer. Og minutt.
Minutt har med klokka å gjere. Det heiter minutia, som er avleidd av
Latinsk for ...?
Minutia. Det latinske ordet for "småting".
No ja. Men De kan kanskje ramse opp grunnformene?
-Vi har kvervlar og ... -Og?
Kvervlar og ...
Esther!
No comments yet. Be the first to leave one.